Namneforslag Brunelva (Sak 370, 2014)

< Forrige Neste >
Sak
Sak 370 (2014)
Møtedato
14. oktober 2014
Område
Tilknytta stadnamn (1)

Ikkje godkjende (0)

Godkjende (1)

Referat

Jack Kauw (Nederland) sendte inn forslag i august om namngjeving Brunelva på elva som renn frå Brånevatnet og ut i Bodleybukta. Rett og slett fordi elva er brunfarga. Han foreslo også Thameselva som eit alternativ.

Komiteen er samd i at elva er stor nok til å få eit namn, ho drenerer eit av dei aller største vatna på Svalbard. Men namnet Brunelva er lite høveleg, ettersom breelver jamt over er farga brune av slam/morenematerale.

Etter å ha vurdert fleire mogelege alternativ kom komiteen fram til at det er naturleg å gje elva namn med utgangspunkt i at ho renn over Oxfordhalvøya.

Vedtak: Elva ned frå Brånevatnet på Nordaustlandet til sjøen får namnet Oxfordelva.

Oppdatert
2014-10-23 08:49:25 UTC