Gruvenamn i Longyearbyen (Sak 373, 2015)

< Forrige Neste >
Sak
Sak 373 (2015)
Møtedato
11. mars 2015
Område
Tilknytta stadnamn (9)

Ikkje godkjende (0)

Referat

Sysselmannen på Svalbard og Store Norske har ei etablert namneliste over gruvene i Longyearbyen-området. I tillegg til den eldste Trøndergruva dreier det seg om Gruve 1a, 1b, 2a, 2b, 3, 4, 5, 6 og 7. Polarinstituttet har tidlegare vedteke ei namnsetting som berre omfattar halvparten av desse, og med noko divergerande namnsetting. Dette er uheldig og vil skapa forvirring.

Heile komiteen er samd i at det er fornuftig at Norsk Polarinstitutt vedtek som offisielle dei gruvenamna som over tid har vore nytta av SNSK og SMS. Nemningane Gruve 1, Nye gruve I, Gruve 2 og Nye gruve II fell då bort. Komiteen meiner ikkje at det trengst eiga namnsetting på sjakter eller andre gruveelement.

Vedtak. Namn på gruvene i Longyearbyen er: Trøndergruva, Gruve 1a, Gruve 1b, Gruve 2a, Gruve 2b, Gruve 3, Gruve 4, Gruve 5, Gruve 6 og Gruve 7.

Oppdatert
2015-03-24 09:43:14 UTC