Namnsetting i samband med nytt kart, 1:50 000, i området rundt Longyearbyen (Sak 374, 2015)

< Forrige Neste >
Sak
Sak 374 (2015)
Møtedato
11. mars 2015
Område
Tilknytta stadnamn (23)
Referat

I nærområdet rundt Longyearbyen finst det framleis ein god del namnlause landskapselement. I samband med nytt turkart i ny målestokk vert det plass til å ta med fleire namn enn før. Oddveig Ørvoll har sendt ut nokre utkast til ny namngjeving, og Sysselmannen ved Andrine Kylling har sendt inn liste over uoffisielle namn i området som er i lokal bruk.

Hiorthfjellet. Rett aust for Hiorthfjellet ligg ein namnlaus isbre. Komiteen fann at namneforslaget Hiorthfjellbreen kan kortast ned til Hiorthbreen.
Vedtak: Isbreen rett aust for Hiorthfjellet heiter Hiorthbreen.

Helvetiafjellet. Komiteen diskuterte ny namngjeving på brear og fjellryggar i området mellom Tellbreen og Helvetiafjellet. Eitt argument for fleire namn her er at Helvetiadalen er trafikkert. Bakgrunn for namngjeving: Den sveitsiske nasjonalhelten Wilhelm Tell kom frå Uri. I eit kjent segn vart han dømd til å skyta eit eple ned av hovudet på son sin.
Vedtak: Dalbreane søraust for Tellbreen får namn Vestre Helvetiabreen, Midtre Helvetiabreen og Austre Helvetiabreen. Fjellryggen mellom Tellbreen og Vestre Helvetiabreen heiter Tellryggen. Fjellryggen mellom Vestre og Midtre Helvetiabreen heiter Uriryggen. Toppen på 676 meter rett nordaust for Austre Helvetiabreen får namn Epleknausen.

Oliviertoppen.
Vedtak: Isbreen rett sør for Oliviertoppen heiter Olivierbreen.

Adventdalen. I Adventdalen innafor Janssonhaugen er det få stadnamn. Men den foreslåtte Skolttuva er lite framtredande, så framlegget blei lagt til side.

Platåberget. Over platået, mellom Nordenskiöldfjellet og Næssfjellet ligg ein isbre som er stor nok til å få namn.
Vedtak: Isbreen heiter Platåbreen.

Fardalsbakken. Lengst nord i Fardalen går det ein dal/bakke opp mot Longyearbreen som ofte vert kalla Fardalsbakken. Komiteen ønsker å formalisera dette namnet. Øvst i denne bakken ligg eit fjellpass inn til Longyearbreen.
Vedtak: Fardalsbakken og Longyearpasset er gjeldande stadnamn.

Karl Bayfjellet. Rett under Karl Bayfjellet ligg to brear som er store nok til å få namn.
Vedtak: Dei to breane heiter Nordre Bayfjellbreen og Søre Bayfjellbreen.

Gilsonryggen. Rett vest for Gislonryggen går ein særprega rund dalform ned til Bolterskaret.
Vedtak: Dalsøkket heiter Gilsongryta.

Tillbergfjellet. Sørvest for Bødalsbreen ligg to toppar som er like i form og høgd (981 meter). Det er nærliggande å kalla desse tvillingar. Litt lenger vest i fjellryggen ligg to mindre toppar (718 og 789 meter).
Vedtak: Dei høgaste to toppane i Tillbergfjellet heiter Tillbergtvillingane. Dei to toppane på vestsida heiter Småsyskena.

Botneheia. Nordvest i Botneheia stikk det fram ein fjellformasjon, ned mot Elveneset.
Vedtak: Formasjonen heiter Botneheinosa.

Fritham. Omtrent der Todalen møter Bødalen, aust for Westbytoppane ligg eit hytteområde som har vorte kalla Fritham. Inspirert av ”Operasjon Fritham” på Svalbard under andre verdskrigen.
Vedtak: Området heiter Fritham.

Lomdammen. I Adventdalen, nedanfor Bayfjellnosa, ligg ein liten dam som har blitt kalla Lomdammen. Dette på grunn av fugleobservasjonar.
Vedtak: Lomdammen er offisielt stadnamn.

Blomsterdalen. På austsida av Blomsterdalen finst det uoffisielle stadnamnet Blomsterdalshøgda.
Vedtak: Blomsterdalshøgda er offisielt stadnamn.

Stetten. Dette er eit kjent fenomen i Longyearbyen. ”Når på sommaren blir stetten broten?” Men komiteen vurderer ikkje at Stetten er eit presist landskapselement som treng offisiell namngjeving.

Andre menneskelaga element ute i landskapet kan markerast på enkelte kart utan at det trengst offisiell namngjeving frå komiteeen.

Oppdatert
2015-03-24 09:44:56 UTC