Namneforslag på bre og pass, Spitsbergen (Sak 380, 2016)

< Forrige Neste >
Sak
Sak 380 (2016)
Møtedato
25. mai 2016
Område
Tilknytta stadnamn (4)

Ikkje godkjende (1)

Referat

Sak 380: Namneforslag på bre og pass, Spitsbergen

Margrete N.S. Keyser hos Sysselmannen foreslår to nye namngjevingar på Svalbard: Goldschmidtbreen og Titanpasset. Ho arbeider med turisme/ekspedisjonar, og forslaga har bakgrunn i at det er registrert turtrafikk i områda.

Goldschmidtfjella er ein fleire kilometer lang fjellrygg (nunatak) i Oscar II Land. På kartet er Osbornebreen plassert på vestsida av ryggen, forslaget er at breen på austsida får eit eige namn.

Det viser seg at namngjevinga av Osbornebreen (som går tilbake til Conways kart frå 1898) er meint å dekka heile bresystemet, også austre grein. Det går eit naturleg skille gjennom stort sett heile breen. Komiteen finn det såleis rett å stryka det gamle namnet og gje dei to hovuddelane kvart sitt namn.

Vedtak: Vestre Osbornebreen og Austre Osbornebreen er godkjende stadnamn på Spitsbergen. Det opphavlege Osbornebreen går ut.

Det ligg eit fjellpass utan namn mellom Titanfjellet og Tethysfjellet sør i Ny-Friesland. Keyser foreslår Titanpasset. Komiteen vil slutta seg til dette, med bakgrunn i at folk går på skiturar i området.

Vedtak: Titanpasset er godkjent stadnamn på Spitsbergen.

Oppdatert
2016-07-05 11:39:09 UTC