Namneforslag på isbre, Nordaustlandet (Sak 381, 2016)

< Forrige Neste >
Sak
Sak 381 (2016)
Møtedato
25. mai 2016
Område
Tilknytta stadnamn (1)

Ikkje godkjende (0)

Godkjende (1)

Referat

Sak 381: Namneforslag på isbre, Nordaustlandet

Forslag frå Geir Moholdt. Frå 2012 har det gått føre seg ein stor surge (breframstøyt/framrykk) frå Austfonna. Brestraumen går frå Isdomen og ut i sjøen mellom Hartogbukta og Klerckbukta. Farten er på fleire meter i døgnet, det inneber kalving av store mengder is til Barentshavet. I glasiologimiljøet har denne fått det tekniske namnet Basin-3.

Det har alt vore ein liten namneidédugnad mellom fagfolk ved NP og UiO, og dei foreslår Hafsvikbreen eller Storsvellbreen. Andre forslag som har vore nevnt, er Hagenbreen, Havbuktbreen, Deltabreen, Mohnbreen og Glenbreen. Mellom den aktuelle surgebreen og Bråsvellbreen finst det eit mindre breområde som også har blitt meir aktivt i det siste, glasiologane foreslår her nytt namn: Mellombreen.

Komiteen konstaterer at ein så svær, aktiv brearm klart fortener namngjeving; både av allmenne grunnar og av omsyn til vitskapleg publisering. Komiteen synest at denne framrykkande brearmen minner litt om store isstraumar i Antarktis, slik at ordet straum også kan vurderast som namneelement.

Etter vurdering av ei rekke forslag kom komiteen fram til at Storisstraumen er eit godt beskrivande namn på denne surgebreen. Komiteen ønsker førebels ikkje å gje eige namn i området mellom Storisstraumen og Bråsvellbreen. Ved eventuell seinare vurdering av dette må vi ta stilling til avgrensing.

Vedtak: Storisstraumen er godkjent namn på Nordaustlandet.

Oppdatert
2016-07-05 11:41:45 UTC