Namneforslag i Dronning Maud Land (Sak 382, 2016)

< Forrige Neste >
Sak
Sak 382 (2016)
Møtedato
25. mai 2016
Område
Tilknytta stadnamn (4)

Ikkje godkjende (0)

Referat

Sak 382: Namneforslag i Dronning Maud Land

Kartseksjonen arbeider med å laga eit nytt oversynskart over Dronning Maud Land. Anders Skoglund foreslår då ein del nye namn på relativt store og synlege element i islandskapet. Han indikerer også at det kan koma fleire forslag.

Forslag til nye namn ute ved isbremmen er: Vestkappkilen, Vestkappbukta og Skjoldbukta. Skoglund har sett på satellittfoto at dette er element som har eksistert gjennom fleire tiår.

Inne på landisen foreslår han Kraulneset og Norvegiaryggen. Han foreslå også ei presisering av namnet Halvfarryggen, at dette namnet også inkluderer eit stort vestleg utspring frå hovudryggen.

Til slutt spør Skoglund om nordleg avgrensing av Kong Håkon VII Vidde.
Denne namngjevinga frå Roald Amundsen er upresis på fleire måtar. Komiteen finn det uaktuelt å ta med dette namnet på det aktuelle kartet, som ikkje går inn til Sørpolen.

Så viser det seg at det finst ei tysk nemning for Vestkappkilen; komiteen ønsker å sjå nærmare på dette i neste møtet. Elles er forslaga i tråd med vanleg namneskikk, førsteleddet er overført frå namn på nærliggande, sentrale landskapselement.

Vedtak: Halvfarryggen omfattar heile ryggen, med utspring.
Vestkappbukta, Kraulneset, Skjoldbukta og Norvegiaryggen er godkjende stadnamn i Dronning Maud Land.

Oppdatert
2016-07-05 11:46:56 UTC